|
|
|||||||||||||||||||||||||||||
|
HistorieSverre Årdalsbakke som er grunnleggjaren av Årdalsbakke elektro gjekk på teknisk fagskule i Porsgrunn like etter krigen. Då han kom heim til fylket i 1949 etter å ha vikla motorar i Porsgrunn i eitt år, fekk han arbeid hos installatør Hunskår i Breim. Hans første oppdrag var å installere straum til alle husstandar i Stardalen og på Klakegg. Etter nokre år, der han også tok sjølvstendige arbeidsoppgåver, blei Sverre tilsett hos installatør Sigurd Årseth på Eikås i 1958. Det fyrste huset han la inn skjult installasjon i, var huset til anders T. Årdal i Årdal. Sverre arbeidde hos Årseth til 1961 då han tok installatør prøven og starta for seg sjølv. Byrjinga av Årdalsbakke Elektro I 1952 bygde Sverre eige hus på Skei som frå 1961, då han starta bedrifta og heilt fram til 1997 fungerte som forettningsbygg og lager. Sonen Svein tok utdanning i allmenfag ved Firda V.G. skule på Sandane frå 1977 - 80. Deretter gjekk han to år på Gjøvik Ingeniørhøgskule. Frå 1984 jobba han som lærling i firmaet, til han 1987 tok montørprøven og blei medeigar i Inst. Sverre Årdalsbakke & Co som det då heitte. Årdalsbakke Elektro skifta Leiar 1.1 1991 blei vi aksjeselskap og Svein tok over som dagleg leiar i Årdalsbakke Elektro AS. Sverre har vore aktiv fram til 2005 og er framleis innom. |
|
|||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||||